Nobels Fredspris 2003 – Pressemelding

English
Norwegian

Den Norske Nobelkomite

Den Norske Nobelkomite har bestemt at Nobels fredspris for 2003 skal tildelast Shirin Ebadi for hennar innsats for demokrati og menneskerettar. Ho har særleg engasjert seg i kampen for rettane til kvinner og born.

Som advokat, domar, førelesar, forfattar og aktivist har røysta hennar lydd klår og sterk i hennar land, Iran, og langt ut over heimlandet. Ho har stått fram med fagleg tyngd, stort mot og ho har trassa faren for eigen tryggleik.

Kampen for dei grunnleggjande menneskerettane er hennar fremste arena, og ikkje noko samfunn fortener å kallast sivilisert utan at rettane til kvinner og born blir respekterte. I ei valdeleg tid har ho konsekvent stått for ikkjevald. For henne er det grunnleggjande at den øvste politiske makt i eit samfunn må kvila på demokratiske val. Ho legg vekt på at opplysning og dialog er beste vegen til å endra haldningar og løysa konfliktar.

Ebadi er medveten muslim. Ho ser ingen motsetnad mellom Islam og fundamentale menneskerettar. Og ho legg vekt på at dialogen mellom dei ulike kulturane og religionane i verda må ta utgangspunkt i dei verdiar dei har saman. Det er ei glede for Den Norske Nobelkomite å kunna dela ut fredsprisen til ei kvinne som høyrer den muslimske verda til og som den verda kan vera stolt av – saman med alle som strir for menneskerettar kvar helst i verda dei lever.

I dei siste tiåra har demokrati og menneskerettar vunne sterkare fram i ulike deler av verda. Ved tildelingar av Nobels fredspris har Den Norske Nobelkomite forsøkt å skunda på denne prosessen.

Det er vår von at Irans folk vil kjenna glede ved at ein borgar av deira land for fyrste gong i historia får Nobels Fredspris og vi vonar at prisen vil bli til inspirasjon for dei mange som arbeider for menneskerettar og demokrati i hennar land, i den muslimske verda og i alle land der arbeid for menneskerettar treng inspirasjon og støtte.

Oslo, 10. oktober 2003

To cite this section
MLA style: Nobels Fredspris 2003 – Pressemelding. NobelPrize.org. Nobel Prize Outreach AB 2024. Thu. 28 Mar 2024. <https://www.nobelprize.org/prizes/peace/2003/9346-nobels-fredspris-for-2003/>

Back to top Back To Top Takes users back to the top of the page

Nobel Prizes and laureates

Eleven laureates were awarded a Nobel Prize in 2023, for achievements that have conferred the greatest benefit to humankind. Their work and discoveries range from effective mRNA vaccines and attosecond physics to fighting against the oppression of women.

See them all presented here.
Illustration

Explore prizes and laureates

Look for popular awards and laureates in different fields, and discover the history of the Nobel Prize.