Nobelprize.org
Nobel Prizes and Laureates


The Nobel Peace Prize 2004
Wangari Maathai

Share this:

Tal

Tale av leder i Den Norske Nobelkomite Ole Danbolt Mjøs,
Oslo, 10. desember, 2004.

Dykkar Majestet, Høgvyrde Kronprinspar, Prisvinnar, Eksellensar, Mine damer og herrar,

"Den Norske Nobelkomite har bestemt at Nobels fredspris for 2004 skal tildelast Wangari Maathai for hennar innsats for ei berekraftig utvikling, demokrati og fred. Fred på jorda avheng av at vi maktar å tryggja livsmiljøet. Maathai står i fremste rekke i kampen for å fremja ei økologisk forsvarleg sosial, økonomisk og kulturell utvikling i Kenya og i Afrika. Ho har eit heilskapleg perspektiv på ei berekraftig utvikling som femner om demokrati, menneskerettar og særleg kvinners rettar. Ho tenkjer globalt og handlar lokalt." Dette er dei første setningane i komiteen si grunngjeving av årets fredspris 8. oktober.

”My God, my God,” ropte Wangari Maathai då direktøren for Nobelinstituttet ringde henne på dårleg mobiltelefonlinje for å fortelja at ho hadde fått Nobels fredspris for 2004. Ho bobla over av glede og nyheita var på ein blunk utover heile verda – vel 20 minuttar før den offisielle kunngjeringa frå Oslo! Maathai var på besøk i den vesle landsbyen Ihururu, 95 kilometer nord for Nairobi, og delte ut mat frå regjeringa. Dei kenyanske tilhøyrarane – dei fleste kvinner – klappa høfleg då ho fortalde at ho hadde fått fredsprisen. Men dei lo høgt då ho sa at ho hadde fått så mange pengar at ho ikkje eingong klarte å telja dei.

I dag er du, Wangari Maathai, her i Oslo Rådhus for å ta imot Nobels fredspris for 2004. Vi gleder oss saman med deg, den næraste familien din og dei næraste venene dine som er samla her. Det er elles også ei glede å sjå så mange kenyanarar og afrikanarar i Rådhuset. Alle er vi her for å hylla deg.

Dear mama Wangari Maathai,

Du har vist kva det tyder å vera ei sann afrikansk mor og ei sann afrikansk kvinne. Kenya beundrar deg! Afrika beundrar deg! Verda beundrar deg! Måtte din endelause kamp for det rette alltid vera ei kjelde til inspirasjon for menneskeslekta.

Eg trur kunngjeringa allereie har endra livet ditt. Namnet ditt vil få ein framskoten plass i historia til fredsprisen saman med dei andre afrikanske fredsprisvinnarane: Albert Lutuli, Anwar Sadat, Desmond Tutu, Nelson Mandela, Fredrik Willem de Klerk og Kofi Annan. Vi vonar at fredsprisen kan inspirera til positive endringar i ditt kjære Kenya, i Afrika og i dei mange land i verda som treng å høyra di røyst. Gratulerer med Nobels fredspris for 2004!

Wangari Maathai vart født i 1940 i provinshovudstaden Nyeri nord for Nairobi med utsyn til mektige Mount Kenya. Ho fekk høgre utdanning i Kenya, noko som var sers uvanleg for afrikanske jenter frå provinsen. Etter fullført utdanning i Kenya drog ho til USA der ho fekk sine Bachelor- og Mastergradar. I 1971 vart ho den første kvinna i Kenya som tok ein doktorgrad, og ho vart så den første kvinnelege professoren ved universitetet i Nairobi.

Som biolog såg ho kva for problem avskoging og jorderosjon førte til på landsbygda, særleg for kvinnene, som gjer det meste av det fysiske arbeidet. Beiteområde for husdyra vart øydelagt. Kvinnene måtte gå stadig lenger etter ved til matlaginga. I 1977 tok Maathai ei viktig avgjerd. Ho gjekk av som professor og på verdas miljødag, 5. juni, planta ho ni tre i bakgarden sin og stifta (the) Green Belt Movement. Denne rørsla hadde som mål å gjenreisa skogane i Afrika og få ein slutt på den fattigdomen som avskoginga førte til.

I 1980-åra vart Maathai leiar for National Council of Women, og hennar suksess med treplanting og kvinnepolitikk førte til konfliktar med styresmaktene. Dermed vart ho også ein av leiarane for demokratirørsla. Da styresmaktene ville byggja ein 62 etasjar høg skyskrapar i Uhuru Park, den einaste parken i sentrum av Nairobi, organiserte Maathai dei protestane som hindra at bygget vart reist. Kampen for miljø, demokrati og kvinners rettar flaut saman til eit heile. Etter kvart slutta også mange menn seg til rørsla hennar. Maathais ulike aksjonar førte til at ho vart trakassert. Gong på gong vart ho fengsla; ho vart angripen med tåregass og køller. Regjeringa hadde liten suksess med å stagga den vanskelege kvinna. Maathai vart internasjonalt kjent og fekk ei rad prisar for sitt arbeid. I 2002 vart ho valt inn i parlamentet, og same året måtte Daniel arap Moi endeleg gje frå seg makta. Moi hadde sidan 1978 styrt landet meir og meir autoritært. I 2003 vart Maathai utnemnd til viseminister for miljø, naturressursar og viltliv i den breie koalisjonsregjeringa som overtok makta.

Du er den første kvinna frå Afrika som vert heidra med Nobels fredspris. Du er også den første afrikanaren frå det store området mellom Sør-Afrika og Egypt som får prisen. Du representerer eit eksempel og er ei kjelde til inspirasjon for alle i Afrika som kjemper for ei berekraftig utvikling, demokrati og fred. Du er ein framståande rollemodell for alle kvinner i Afrika og elles i verda. Du stod i motig strid mot det undertrykkande regimet i Kenya. Dine unike aksjonsformer retta søkjelyset på politisk undertrykking både nasjonalt og internasjonalt.

Du kombinerer vitskap, engasjement, aktiv politikk og tru på Gud. Meir enn berre å verja det miljø som finst, er det strategien din å tryggja og forsterka grunnlaget for ei berekraftig utvikling. Målet ditt er å verna Guds skaparverk ”så denne jorda får bli den Edens hage som Gud skapte”. Mellom 1950 og 2000 mista Kenya aleine 90 prosent av sine skogar. Du grunnla Green Belt Movement, der du gjennom nesten tretti år har mobilisert fattige kvinner til å planta 30 millionar tre. Metodane dine er også tekne i bruk i andre land. Vi er alle vitne til korleis avskoging og skogdød fører til ørkenspreiing i Afrika og trugar mange område rundt om i verda – også i Europa. Vern om skog mot ørkenspreiing er ei vesentleg sak i strevet for å styrkja livsmiljøet på vår felles jord. Ved opplæring, familieplanlegging, ernæring og kamp mot korrupsjon legg Green Belt Movement vilkåra til rette for utvikling nedanfrå.

Den Norske Nobelkomite har lenge meint at det finst mange ulike vegar til fred. Komiteen har med andre ord operert med eit vidt fredsomgrep. Derfor har mange ulike kategoriar personar og organisasjonar motteke Nobels fredspris. Statsmenn og politikarar kan gjera sitt både på det internasjonale, det regionale og det nasjonale plan. Mange av dei har fått Nobels fredspris. Dei store humanitære organisasjonar og individ har også motteke sine prisar. Humanitært arbeid må i høgste grad vera å fremja det "brorskap mellom nasjonar" som Alfred Nobel talar om i sitt testamente. Dei mange prisane til dei som arbeider for nedrusting og rustingskontroll viser direkte til den "avskiping eller reduksjon av ståande armear" som Nobel også nemner. I dei seinare tiåra har Nobelkomiteen gjort menneskerettar til ein sentral del av definisjonen av fred. Mange åtvara mot ei slik utviding av fredsomgrepet. I dag er det få ting fredsforskarar og andre forskarar er meir samde om enn nettopp at demokrati og menneskerettar fremjar fred. Det har Den Norske Nobelkomite meint i over 40 år, om ikkje enno mykje lenger.

I år har altså Den Norske Nobelkomite utvida definisjonen av fred ytterlegare. Miljøvern er også ein veg til fred. No må vi raskt leggja til at Wangari Maathai har vore ei leiande talskvinne for demokrati og menneskerettar, og særleg kvinners rettar, både under Daniel arap Moi og i dagens Kenya. Her står ho på trygg grunn saman med mange tidlegare prisvinnarar. Det er heilskapen i Maathai sitt arbeid som er så imponerande. Men komiteen har sjølv valt å framheva miljødimensjonen. Kva er så eigentleg forholdet mellom miljø og fred?

Dei fleste kan nok vera samde om at det er koplingar mellom miljø, i form av konkurranse om ressursar, anten det dreier seg om olje, vatn, mineral og tømmer, og fred. Midtausten er fullt av stridsspørsmål knytt til olje og vatn. Det er tydeleg at ikkje alle utanfor regionen har skjønt kor viktig strid om vatnet frå Jordan, Litani, Orontes og andre elver har vore for forholdet mellom israelarar og arabarar. Kampen om mineral har vore ein viktig dimensjon i fleire konfliktar i Afrika dei seinare åra. Kampen om tømmer har stått sentralt i Liberia, i Indonesia og i Brasil. Krigane og konfliktane i dag går ikkje føre seg så mykje mellom statar som inne i statane.

Men kva med treplanting? Når vi analyserer lokale konfliktar, er fokus gjerne på det etniske og det religiøse. Men ofte er det underliggjande økologiske spørsmål som skjerpar slike lett synlege forhold. La oss ta konflikten i Darfur i Sudan. Det mest openberre er at dette er ein konflikt mellom arabarar og afrikanarar, mellom regjering, ulike væpna grupper og sivile. Men under dette igjen, ligg ørkenspreiinga særleg i det nordlege Darfur dei siste tiåra. Ørkenen har spreidd seg sørover og år for år tvunge arabiske nomadar lenger og lenger sør og inn i konflikt med afrikanske bønder. I Filippinene har aktlaus avskoging vore medverkande til opprør mot myndigheitene. I Mexico har jorderosjon og avskoging vore ein faktor i opprøret i Chiapas mot sentralmyndigheitene. I Haiti, i Amazonas og i Himalaya har avskoging, med jorderosjon til følgje, medverka til dårlegare levekår og skapt spenningar mellom folkegrupper og land. I mange område fører avskoging, ofte saman med andre problem, til flytting til dei store byane, der mangel på infrastruktur fører til enda meir konflikt.

Treng vi å gjera det så vanskeleg? Maathai har sjølv sagt det slik: ”Vi deler ressursane våre på ein sers urettferdig måte. Delar av verda er røva for rikdom, mens andre delar er sers rike. Det er grunnane til at vi får konfliktar.” Krig og konflikt har nok også mange andre grunnar. Men kven vil nekta for at urettferdig fordeling lokalt og internasjonalt er relevant i denne samanhengen? Eg spår at om nokre tiår, når forskarane har utvikla meir heilskaplege analysar av mange av konfliktane i verda, vil samanhengane mellom miljø, ressursar og konfliktar kanskje verta nesten like sjølvsagte som samanhengane i dag er mellom menneskerettar, demokrati og fred.

Det høyrer også med i denne samanhengen at kampen mot miljøproblema før eller seinare må fremja eit internasjonalt samarbeid over alle landegrenser langt utover det vi har sett til no. Vi lever på den same kloden. Vi må alle samarbeida for å løysa verdas miljøutfordringar. Saman er vi sterke, splitta er vi svake.

For ei tid sidan var eg invitert til å fortelja om fredsprisvinnaren Maathai til elevane på grendeskolen i heimbygda mi. Etterpå planta elevane eit tre i skolehagen - eit fredstre. Det var høgtid i skolegarden. Eg utfordrar skolane i Afrika, Noreg og elles i verda til å planta eit tre – eit fredstre – i skolegarden. Så konkret kan fredsomgrepet gjerast. Borna forstår det!

Den norske diktaren Halldis Moren Vesaas seier det so nydeleg i diktet No plantar ei kvinne -:

”No plantar kvinna i verda eit tre.
På kne liksom ein som bed
Ligg ho blant restene etter dei mange
som stormen har brote ned.
På ny må ho prøva, om ein gang eitt
får vekse seg stort i fred.”

Før Moren Vesaas avslutter diktet slik:

”Ho ser dei utspilte hender mot molda
som ville ho tvinge til ro
den trugande dirring. Å jord, ver still,
Ver still, så mitt tre får gro.”

Med tildelinga av Nobels fredspris for 2004 til deg, Wangari Maathai, vil Nobelkomiteen særskilt hylla og støtta kvinnene i Afrika og elles i verda. Kvinnene har gjennom alle tider vore heilt sentrale i utviklinga av det afrikanske kontinentet. Dei har bore dei tyngste børene. Det er kvinna som har vore jordbrukaren. Heilt opp til våre dagar har ho stått for ca. 80 prosent av det arbeidet som går med til matproduksjonen. Når mannen har rydda jorda, er resten kvinnearbeid: Ho har gått ut til åkrane ved daggry, ho har hakka, ho har sådd, ho har vatna, ho har luka, ho har hausta inn. Det er ho som gjer grøda til mat for familien. Ho har også gjort mykje av arbeidet med husdyra. Ho har gått og gått, med høgreist verdigheit – med barnet på ryggen og bør på hovudet. Millionar av kvinner går og går framleis for å finna brensel til matgrytene og vatn til hushaldet.

Marknadshandelen er også dominert av kvinner i Afrika. Ettersom ho er ansvarleg for maten til familien, organiserer kvinnene sitt arbeid slik at dei på marknadene kan utveksla det dei produserer og treng. Kvinner føder i gjennomsnitt seks born kvar, ei stor belastning under dei rådande levekåra, der menn er fråverande i ein tredjedel av hushalda. I tillegg er kvinnene i særleg grad ramma av HIV/AIDS-epidemien i Afrika. Eg reknar med at Wangari Maathai vil vera blant dei fremste i kampen mot HIV/AIDS i Afrika i åra som kjem.

I Afrika har korkje statar eller familiar prioritert like moglegheiter for utdanning mellom jenter og gutar, mellom kvinner og menn. Når det gjeld høgskole- og universitetsutdanning, er under 10 prosent av aldersgruppa studentar, medan meir enn halvparten er det i mange vestlege land. Kvinnelege studentar utgjer berre ein fjerdedel av studentane på høgre nivå i Afrika. Utvida utdanning for kvinner er eit svært potensiale for betring av afrikanske levekår. Wangari Maathai har vist oss kor rike frukter utdanning kan gje.

Kvinna i Afrika har bore tunge bører. Men så har då også Afrika utvikla sterke kvinner. Ei av dei sterkaste står framfor oss her i dag. Stundom føler vi alle at utfordringane er reint for store. Då treng vi til optimisme. Det får vi gjennom det lange perspektivet. Få har sagt det betre enn Mahatma Gandhi: "When I despair, I remember that all through history, the way of truth and love has always won. There have been murderers and tyrants, and for a time they seem invincible. But in the end they always fall. Think of it, always.”

Til feiringa av av årets nobelprisvinnar Wangari Maathai, har eg laga eit lite dikt. Det er inspirert av ein tale av statsminister Tony Blair:

Let us make Africa a better place to live.
Let us make Africa a better place to grow children.
Let us make Africa a better place to get old.
Let us make Africa a better place to lead a full life.
Let us make Africa the millennium continent.
Let us make peace with justice in the whole world.

CONGRATULATIONS! Gratulerer!

TWAKUPONGEZA, TUNASEMA ASANTE SANA
(Swahili: vi takkar deg, og takkar deg mykje.)

 

Share this:
To cite this page
MLA style: "The Nobel Peace Prize 2004 - Tal". Nobelprize.org. Nobel Media AB 2014. Web. 25 Jul 2014. <http://www.nobelprize.org/nobel_prizes/peace/laureates/2004/presentation-speech-no.html>

Recommended:

Disarm the world with the help of peace doves!

 

All you need to know about the Nobel Peace Prize!

 

Read more about the Nobel Peace Prize during the past century.