Nobelprize.org
Nobel Prizes and Laureates


The Nobel Peace Prize 2004
Wangari Maathai

Share this:
Den Norske Nobelkomite

 

Nobels Fredspris for 2004

Den Norske Nobelkomite har bestemt at Nobels fredspris for 2004 skal tildelast Wangari Maathai for hennar innsats for ei berekraftig utvikling, demokrati og fred.

Fred på jorda avheng av at vi maktar å tryggja livsmiljøet. Maathai står i fremste rekke i kampen for å fremja ei økologisk forsvarleg sosial, økonomisk og kulturell utvikling i Kenya og i Afrika. Ho har eit heilskapleg perspektiv på ei berekraftig utvikling som femner om demokrati, menneskerettar og særleg kvinners rettar. Ho tenkjer globalt og handlar lokalt.

Maathai stod i motig strid mot det tidlegare undertrykkande regimet i Kenya. Hennar unike aksjonsformer verka til å setja søkjelyset på politisk undertrykking både nasjonalt og internasjonalt. Ho vart til inspirasjon for mange i striden for demokratiske rettar, og særleg oppmuntra ho kvinner til å forbetra sin situasjon.

Maathai kombinerer vitskap, sosialt engasjement og aktiv politikk. Meir enn berre å verja det miljø som finst, er det hennar strategi å tryggja og forsterka grunnlaget for ei berekraftig økologisk utvikling. Ho grunnla Green Belt Movement der ho gjennom nesten tretti år har mobilisert fattige kvinner til å planta 30 millionar tre. Metodane hennar er tekne i bruk også i andre land. Vi er alle vitne til korleis avskoging og skogsdød fører til ørkenspreiing i Afrika og trugar mange område i rundt om i verda - også i Europa. Vern om skog mot ørkenspreiing er ei vesentleg sak i strevet for å styrkja livsmiljøet på vår felles jord.

Ved opplæring, familieplanlegging, ernæring og kamp mot korrupsjon legg Green Belt Movement vilkåra til rette for utvikling nedanfrå. Vi trur Maathai er ei sterk røyst for dei beste kreftene i Afrika til å fremja fred og gode livsvilkår på kontinentet.

Wangari Maathai blir den fyrste kvinne frå Afrika som vert æra med Nobels fredspris. Ho blir også den fyrste afrikanar frå det store området mellom Sør-Afrika og Egypt som får prisen. Ho representerer eit eksempel og ei kjelde til inspirasjon for alle i Afrika som kjempar for ei berekraftig utvikling, demokrati og fred.

Oslo, 8. oktober 2004.

 

Share this:
To cite this page
MLA style: "Nobels Fredspris for 2004 til Wangari Maathai - Pressemelding ". Nobelprize.org. Nobel Media AB 2014. Web. 17 Sep 2014. <http://www.nobelprize.org/nobel_prizes/peace/laureates/2004/press-no.html>

Recommended:

Disarm the world with the help of peace doves!

 

On 27 November 1895 Alfred Nobel signed his last will in Paris.

 

All you need to know about the Nobel Peace Prize!