• Printer Friendly
  • Tell a Friend
  • Comments
1901
2012
Prize category:

The Nobel Peace Prize 2005

International Atomic Energy Agency , Mohamed ElBaradei

Den Norske Nobelkomite

 

Nobels Fredspris for 2005

Den Norske Nobelkomite har bestemt at Nobels fredspris for 2005 skal delast, i to like store delar, mellom International Atomic Energy Agency (IAEA) og generaldirektøren der, Mohamed ElBaradei, for arbeidet deira for å hindra at kjernefysisk energi blir nytta til militære føremål og for at kjernefysisk energi til sivile føremål vert nytta på sikrast mogelege måte.

I ei tid då trugsmålet frå kjernevåpen aukar på ny, ynskjer Den Norske Nobelkomite å streka under at dette trugsmålet må handterast gjennom eit internasjonalt samarbeid så breitt som råd. I dag kjem dette klårast til uttrykk gjennom arbeidet til IAEA og generaldirektøren. I det kjernefysiske ikkje-spreiingsregimet er det IAEA som held kontroll med at atomenergien ikkje blir misbrukt til våpenføremål, og generaldirektøren har stått fram som ein uredd talsmann for nye tiltak til å styrkja dette regimet. I ei tid då nedrustningsarbeidet står i stampe, der det er fare for spreiing av atomvåpen både til statar og terroristgrupper, og der kjernekrafta på ny ser ut til å spela ei aukande rolle, er IAEAs innsats uvurderleg viktig.

I sitt testamente skriv Alfred Nobel at fredsprisen, blant andre kriteria, skal tildelast den som har gjort mest for "avskaffing eller reduksjon av ståande armear". I samsvar med dette kriteriet har Den Norske Nobelkomite i dei seinare tiåra konsentrert seg om kampen for å redusera kjernevåpna sin plass i internasjonal politikk med sikte på å avskaffa desse våpna. At lite er nådd i verda på dette punktet, gjer arbeidet mot kjernefysiske våpen enda viktigare no.

Oslo, 7. oktober 2005.

 

TO CITE THIS PAGE:
MLA style: "Press Release - Nobel Peace Prize 2005". Nobelprize.org. 26 May 2013 http://www.nobelprize.org/nobel_prizes/peace/laureates/2005/press-no.html