Nobelprize.org
Nobel Prizes and Laureates


The Nobel Peace Prize 2006
Muhammad Yunus, Grameen Bank

Share this:
Den Norske Nobelkomite

 

Nobels Fredspris 2006

Den Norske Nobelkomite har bestemt at Nobels fredspris for 2006 skal delast, i to like store delar, mellom Muhammad Yunus og Grameen Bank for arbeidet deira for å skapa økonomisk og sosial utvikling nedanfrå. Varig fred kan ikkje skapast utan at store folkegrupper finn vegar til å bryta ut av fattigdom. Mikrokreditt er ein slik veg. Utvikling nedanfrå verkar og til å fremja demokrati og menneskerettar.

Muhammad Yunus har vist seg som ein leiar som har greidd å omsetja visjonar i praktisk handling til beste for millionar av menneske, ikkje berre i Bangladesh, men og i mange andre land i verda. Lån til fattige utan noka økonomisk trygging syntest vera ein umogleg tanke. Frå ein smålåten start for tre tiår sidan har Yunus, fyrst og fremst gjennom Grameen Bank, utvikla mikrokreditt til eit jamt viktigare verkemiddel i kampen mot fattigdom. Grameen Bank har gjeve idear og mønster for dei mange institusjonane innanfor mikrokreditt som har oppstått rundt om i verda.

Kvart einaste individ på jorda har både potensiale og rett til eit verdig liv. På tvers av kulturar og sivilisasjonar har Yunus og Grameen Bank vist at jamvel dei fattigaste av dei fattige kan verka til eiga utvikling.

Mikrokreditt har synt seg å vera ei viktig frigjerande kraft i samfunn der særleg kvinner må kjempa mot undertrykkjande sosiale og økonomiske vilkår. Det kan ikkje skapast fullverdig økonomisk vekst og politisk demokrati utan at den kvinnelege halvdel av menneska på jorda medverkar på like fot med den mannlege.

Yunus sin langsiktige visjon er å avskaffa fattigdomen i verda. Mikrokreditt kan ikkje åleine nå dit. Men Muhammad Yunus og Grameen Bank har vist at mikrokreditt må stå sentralt i det vidare strev for å nå dette målet.

Oslo, 13. oktober 2006.

 

Share this:
To cite this page
MLA style: "Nobels Fredspris for 2006 til Muhammad Yunus og Grameen Bank - Pressemelding". Nobelprize.org. Nobel Media AB 2013. Web. 20 Apr 2014. <http://www.nobelprize.org/nobel_prizes/peace/laureates/2006/press-no.html>

Recommended:

Disarm the world with the help of peace doves!

 

On 27 November 1895 Alfred Nobel signed his last will in Paris.

 

All you need to know about the Nobel Peace Prize!