Nobelprize.org
Nobel Prizes and Laureates


The Nobel Peace Prize 2007
Intergovernmental Panel on Climate Change , Al Gore

Share this:
© THE NOBEL FOUNDATION 2007
General permission is granted for the publication in newspapers in any language. Publication in periodicals or books, or in digital or electronic forms, otherwise than in summary, requires the consent of the Foundation. On all publications in full or in major parts the above underlined copyright notice must be applied.

Tale

Tale av leder av Den Norske Nobelkomite Ole Danbolt Mjøs, Oslo, 10. desember, 2007

Tale
Tale av Ole Danbolt Mjøs.
Copyright © The Norwegian Nobel Institute 2007
Photo: Ken Opprann

 

Dykkar Majestetar, høgvørde Kronprins og Kronprinsesse, Privinnarar, Eksellensar, Mine damer og herrar,

Då Nobelkomiteen kunngjorde vinnarane av årets fredspris 12. oktober, blei dei introdusert på denne måten: "Den Norske Nobelkomite har bestemt at Nobels fredspris for 2007 skal delast, i to like store delar, mellom Intergovernmental Panel on Climate Change (IPCC) og Albert Arnold (Al) Gore jr. for deira innsats for å skape og spreie større kunnskap om menneskeskapte klimaendringar og for å leggje grunnlag for dei tiltak som krevst for å motverke desse endringane."
 
Eg gratulerer IPCC og Al Gore med årets fredspris!

Oxford Dictionary of Contemporary History omtaler Nobels fredspris som "the world’s most prestigious prize". Den Norske Nobelkomite kjenner eit stort ansvar når ein vinnar av ein så prestisjetung pris skal peikast ut. Talet på nominerte stig jamnt og trutt. Det gjer også valet vanskelegare. Det er elles kontroversielle aspekt forbunde med prisvinnarane i 2007. Likevel var ikkje avgjerda spesielt vanskeleg denne gongen. Det er nemleg sjeldan at verda i ein slik grad er oppteken av eitt bestemt fenomen, og at dette fenomenet i så avgjerande grad påverkar vilkåra våre på kloden. I år dreier svært mykje seg om global oppvarming. Prosessar som har gått over lang tid, akselererer. Isen smeltar fortare i Arktis, ørkenen spreier seg raskare i Afrika, isbreane blir mindre i Himalaya.

I land etter land blir klimaspørsmål flytt høgre opp på den politiske agendaen. Når det er blitt slik, er det etter Nobelkomiteen sitt syn to som fortener meir ros enn andre, nemleg årets prisvinnarar, IPCC og Al Gore. IPCC, FNs klimapanel, er ein heilt spesiell konstruksjon. Namnet er i seg sjølv talande. Klimapanelet blei etablert i 1988 av FNs Miljøprogram (UNEP) og Den meteorologiske verdsorganisasjon (WMO). Det var ei oppfølging av Brundtland-rapporten Vår Felles Framtid, som var lagt fram året før, og som innleidde den første bølgja av miljø- og klimadiskusjon. På dagen i dag skal også Gro Harlem Brundtland ha si del av æra for at vi er komne så langt i å forstå miljøproblema som vi faktisk er.

Mens Brundtland-rapporten var breitt lagt opp, fekk IPCC eit snevrare mandat. Verdas vitskapsfolk blei invitert til å ta del i ein kontinuerleg prosess for å vurdere globale klimaendringar med omsyn til grad, årsak, konsekvensar og mottiltak. No deltek over 130 land med 450 hovudforfattarar og 800 forfattarar med delbidrag, mens 2 500 vitskapelege ekspertar er med på høyringane. Også regjeringar er med og går gjennom rapportane. Klimapanelet er med andre ord eit heilt ekstraordinært globalt prosjekt.

FNs klimapanel har kome fram til sine konklusjonar gjennom ei arbeidsform som er fundamentalt nyskapande. Når vitskapen tidlegare har blitt mobilisert, er det ofte på eit moralsk grunnlag, til dømes i kampen mot atomvåpen eller for menneskerettar. Når det gjeld IPCC, er det FN og verdas statar som har teke initiativet til ei storstilt og langvarig mobilisering av det vitskapelege samfunn sine kunnskapar om klimaendringar. Ein bør vurdere IPCC-liknande opplegg for å greie ut problem også på andre område. Biologisk mangfald, ørkenspreiing og overfiske i hava har vore nemnt.

Allereie den første rapporten frå IPCC, i 1990, fekk stor innverknad, framfor alt ved at den blei eit grunnlagsdokument for FN-konferansen om Miljø og Utvikling i 1992. Den andre rapporten, i 1995, la mykje av grunnlaget for Kyoto-avtala av 1997, som har hatt så mykje å seie for debatten internasjonalt om global oppvarming. For første gong blei det gjennomført omfattande, koordinerte internasjonale tiltak mot global oppvarming. Med den tredje rapporten, i 2001, blei det vitskapelege grunnlaget ytterlegare konsolidert.

No har vi nettopp fått den fjerde rapporten. Når Nobeldagane er over, reiser prisvinnarane til Bali, der dei saman med representantar for over 180 land skal vere med på å leggje grunnlaget for den avtala som i 2012 skal erstatte Kyoto-avtala. Vi ønskjer lykke til. Det som skjer på Bali, eller ikkje skjer, vil avgjere framtida vår.

Nokre seier at ikkje alle vitskapsfolk i verda er samde i analysen av den menneskeskapte globale oppvarminga. Det er få fenomen alle vitskapsfolk i heile verda er heilt samde om. Det ligg i forskingas natur. Men hovudtendensen er det liten tvil om: Stadig fleire vitskapsfolk er blitt stadig meir samde om at den globale oppvarminga vil få stadig meir dramatiske konsekvensar. Mens global oppvarming på 1980-talet fekk stå som ein interessant hypotese, kom det på 90-talet sterkare prov for eit slikt syn. Dei aller siste åra er samanhengane blitt enda mykje klarare og konsekvensane enda meir synlege.

Vi takkar IPCC for deira store vitskapelege arbeid!

Mens IPCC har lagt det vitskapelege grunnlaget for kunnskapen vår om klimaendringar, er Al Gore, slik Den Norske Nobelkomite ser det, den enkeltpersonen som har gjort mest for å vekkje opinion og makthavarar til dei politiske handlingar som må til dersom vi skal makte å motverke klimaendringane. Han er den store kommunikatoren. Han når folk over heile verda med bodskapen sin. Allereie på 1970-talet, då Al Gore var ein ung medlem av Representantanes Hus, organiserte han høyringar om utslepp av drivhusgassar. Det fortona seg relativt eksotisk. Han fekk høyre mange skjellsord for engasjementet sitt, ikkje minst i USA. I 1992 publiserte Gore boka Earth in the Balance, som munna ut i eit framlegg om ein global Marshallplan for å redde biosfæren. Boka blei ein bestseljar i USA. Den viste ei imponerande innsikt, bygde på eit breitt vitskapeleg grunnlag og hadde ein klar politisk-aktivistisk tone. Gore hadde funne si form.

Som visepresident signerte Al Gore Kyoto-avtala, men Senatet gjekk mot at USA ratifiserte den. Etter nederlaget i presidentvalet i 2000, la han grunnlaget for ein heilt ny karriere, som verdas leiande politiske miljøtalsmann. Vi kjenner alle merittane hans dei aller seinaste åra, med bok, film og konsert, med heider, ære og prisar. Politiske nederlag kan også føre til noko godt!   

Igjen og igjen har Gore hamra inn bodskapen sin, ikkje minst til amerikanarane. USA er, til liks med Kina, den store forureinaren i verda. Med det følgjer også ansvaret for å bli den leiande i å redusere utslepp. Ingen kan skulde Gore for å mangle konkrete retningsliner for kva den einskilde kan gjere. Boka An Inconvenient Truth inneheld seksten tette sider med råd om "what you personally can do to help solve the climate crisis". Vi har alle eit ansvar, små og store land, alle menneske, men det største ansvaret kviler på dei rike landa, dei som meir enn andre har skapt den globale oppvarminga. Under Gore sitt store engasjement ligg ein ukueleg optimisme. Han har sett korleis verda har teke opp kampen mot tobakken og langt på veg lukkast, i det minste i mange rike land. Kreften kravde livet til systera hans. Også når det gjaldt tobakken var det sterke interesser som hevda at det mangla prov. No er ingen i tvil lenger.

Vi takkar Al Gore for stort mot og ein iherdig kamp!

Ein var som nemnt lenge i tvil om den globale oppvarminga er menneskeskapt. Takka vere IPCC er den tvilen i dag liten. Så er det dei som tvilar på at det er nokon samanheng mellom miljø og klima på den eine sida og krig og konflikt på den andre. Kvifor har IPCC og Al Gore fått Nobels fredspris?

Den Norske Nobelkomite har alltid hatt ei brei tilnærming til fred. Den har meint at det eksisterer mange, ulike vegar til fred. Fleire av desse vegane har vore omstridde, ikkje så mykje blant vanlege folk, som har ein tendens til å meine at eikvar god sak fortener fredsprisen, men blant vitskapsfolk som har til oppgåve å studere korleis ulike fenomen heng saman. Samtidig som Nobelkomiteen delte ut menneskerettsprisar, spurde forskarar om samanhengen mellom demokrati og fred. I dag spør dei ikkje lenger. Samanhengen er no vurdert å vere blant dei mest "robuste" i moderne statsvitskap.

Det tradisjonelle freds- og tryggingsomgrepet legg vekt på krig mellom statar. Skal ein verne alle dei einskildindivida som statar består av, er det sjølvsagt viktig å hindre åtak utanfrå. Men krigar mellom statar er blitt stadig sjeldnare. Derimot har krigar innanfor statar blitt vanlegare. Langt fleire blir i dag drepne i borgarkrigar enn i krigar mellom statar.

Dei som legg vekt på "menneskeleg tryggleik" (human security), hevdar at det sentrale er å tryggje individa. Då kan trugsmåla vere direkte valdelege, men dei kan også vere meir indirekte dødbringande gjennom svelt, sjukdom og naturkatastrofar. I verda i dag må det vere eit mål å sikre "menneskeleg tryggleik" i vid forstand.

Miljøproblema har utan tvil innverknad på tryggleiken til menneska i denne vide tydinga. Når lågtliggjande område kjem under vatn, vil innbyggjarane der ikkje lenger ha noka som helst form for tryggleik. Fjorårets prisvinnar, Muhammad Yunus, har formulert det slik: "My country Bangladesh is already paying a very high price for global warming and stands to face even greater challenges in the future. As natural calamities intensify year on year, climate change has already become a question of survival." Vi ser allereie korleis millionar av flyktningar frå Bangladesh skaper sosiale og politiske spenningar i India. Når isbrear smeltar og elvar først fløymer over, og så får redusert vassføring eller tørkar inn, fører det til dramatiske endringar i kvardagen til folk. Mange stader skjer dette i område med raskt aukande folketal. Byar som Quito, La Paz og Lima blir råka av bresmeltinga i Andesfjella; elvane frå isbreane i Himalaya skaffar halvparten av ferskvatnet til 40 prosent av jordas befolkning. Ørkenspreiinga i Kina og i Afrika trugar enorme landområde.

Den globale oppvarminga kan verke gunstig i somme delar av verda. Vi ser korleis ein kan drive jordbruk i nordlege område, der det til no har vore vanskeleg eller umogeleg. Men inuittar og samar er likevel urolege. Sheila Watt-Cloutier har sagt at det er planeten jorda som får fredsprisen i år Den totale verknaden er negativ. Enda klarare er biletet i sør. Særleg vil effekten bli negativ for dei som allereie i dag har det vanskelegast, dei svake statane og dei sårbare menneska som har minst å stille opp med når ein står andsynes dei nye utfordringane. Dei betaler ein høg pris for eit problem som i det vesentlege er skapt av dei rike landa i nord.

Diverre kan vi allereie konstatere korleis den globale oppvarminga får negative følgjer ikkje berre for "menneskeleg tryggleik", men også kan gje grobotn for vald og konfliktar innanfor og mellom statar. Issmeltinga i Arktis synest å føre til ein ny runde med hevding av suverenitet i verdas nordlegaste område. Men aller tydelegast er følgjene for dei fattigaste av dei fattige, i Darfur og i store delar av Sahelbeltet. Her har vi allereie fått den første "klimakrigen". Vinden som blæs sanden frå Sahara, driv menneske og kamelar mot meir fruktbare område lenger sør. Dermed støyter nomadar og bønder, arabarar og afrikanarar, kristne og muslimar frå mange ulike stammer saman og utløyser ein serie med konfliktar. Dimensjonane er mange, men det blir stadig tydelegare at ørkenspreiing er ein sentral underliggjande faktor. Mønsteret frå Darfur har nå spreidd seg til Chad og til Den sentralafrikanske republikk. Store delar av Sahelbeltet, frå Sudan til Senegal, er i ferd med å bli truga. 

Det er ikkje berre Den Norske Nobelkomite som ser samband mellom natur og miljø, krig og konflikt. Det gjer også FNs Tryggingsråd. I april i år heldt Tryggingsrådet, på britisk initiativ, den første debatten om verknadene av klimaendringane på krig og konflikt. Ban Ki-Moon, FNs generalsekretær, sa på sitt varsame vis at "when resources are scarce – whether energy, water or arable land – our fragile ecosystems become strained, as do the coping mechanisms of groups and individuals. This can lead to a breakdown of established codes of conduct, and even outright conflict." Klima og miljø har såleis blitt eitt av dei trugsmåla "mot internasjonal fred og tryggleik" som FNs Tryggingsråd skal ta seg av. Ein komite av leiande amerikanske militære uttalte nyleg at klimaendringane er "a threat multiplier for instability in some of the most volatile regions of the world".

Den Norske Nobelkomite nyttar sjeldan for store ord. Vår stil er stort sett nøktern. Men det er lenge sidan komiteen har vore oppteken av så fundamentale spørsmål som i år. Desmond Tutu, fredsprisvinnaren frå 1984, uttrykte det slik i Ishavskatedralen i Tromsø, i samband med Verdas miljødag 5. juni: "To ignore the challenge of global warming may be criminal. It certainly is disobeying God. It is sin. The future of our fragile, beautiful planet is in our hands. We are stewards of God’s creation."

Vi gratulerer IPCC og Al Gore med årets fredspris. Vi takkar dykk for alt de har gjort for Moder Jord og ønskjer at de må ha vidare framgang i dette arbeidet som er så avgjerande viktig for oss alle. Det krevst handling no. Klimaendringane er allereie i ferd med å kome ut av menneskeleg kontroll.

Takk for merksemda!

 

Copyright © The Nobel Foundation 2007
Share this:
To cite this page
MLA style: "Nobels Fredspris 2007 - Tale". Nobelprize.org. Nobel Media AB 2013. Web. 17 Apr 2014. <http://www.nobelprize.org/nobel_prizes/peace/laureates/2007/presentation-speech_no.html>

Recommended:

Disarm the world with the help of peace doves!

 

All you need to know about the Nobel Peace Prize!

 

Read more about the Nobel Peace Prize during the past century.