Nobelprize.org
Nobel Prizes and Laureates


The Nobel Peace Prize 2008
Martti Ahtisaari

Share this:
© THE NOBEL FOUNDATION 2008
General permission is granted for the publication in newspapers in any language. Publication in periodicals or books, or in digital or electronic forms, otherwise than in summary, requires the consent of the Foundation. On all publications in full or in major parts the above underlined copyright notice must be applied.

Tale

Tale av leder av Den Norske Nobelkomite Ole Danbolt Mjøs, Oslo, 10. desember, 2008

Tale av Ole Danbolt Mjøs.
Tale av Ole Danbolt Mjøs.
Copyright © The Nobel Foundation 2008
Photo: Ken Opprann

 

Dykkar Majestetar, høgvørde Kronprins og Kronprinsesse, Privinnarar, Eksellensar, Mine damer og herrar,

Den Norske Nobelkomite kunngjorde årets fredspris 10. oktober, og byrja kunngjeringa slik: "Den Norske Nobelkomite har bestemt at Nobels fredspris for 2008 skal tildelast Martti Ahtisaari for den store innsatsen han har lagt ned på fleire kontinent og gjennom meir enn tre tiår for å løyse internasjonale konfliktar. Denne innsatsen har verka til ei fredelegare verd og til 'brorskap mellom nasjonane' i Alfred Nobels ånd."

Vi gratulerer Martti Ahtisaari med årets fredspris! Paljon onnea, Martti Ahtisaari!

10. desember er den aller viktigaste dagen i Nobelåret. Då blir prisane i medisin, fysikk, kjemi og litteratur delte ut i Stockholm. Prisen i økonomi til minne om Alfred Nobel blir også delt ut der. Vi helsar kvar og ein av vinnarane, som litt seinare i dag får sine prisar i Stockholm. Og så blir altså fredsprisen delt ut i Oslo. Nobel bestemte i sitt testamente at den skulle delast ut av ein komite "af fem personer som väljas af Norska Stortinget". Det er oss her på scenen, saman med komiteens sekretær.

Nobel bestemte også at alle prisane skulle delast ut på grunnlag av prestasjonar i "det förlupne året". På dette punktet trur eg alle komiteane berre må vedkjenne syndene sine. I alle fall må Den Norske Nobelkomite melde at det ikkje er noko heilt spesielt i 2008 som er grunnen til at Ahtisaari i dag blir tildelt Nobels fredspris. Han får prisen nettopp for "den store innsatsen han har lagt ned på fleire kontinent og gjennom meir enn tre tiår". Det er ikkje så lett å lese setning for setning heilt bokstaveleg i Nobels testamente.


I Noreg synest vi at vi kjenner Ahtisaari godt. Mange nordmenn har møtt han; ein del av dei er her i dag. Han har ein lang karriere som finsk og internasjonal politikar. Og så har han jo norske røter! Oldefaren hans kom frå Tistedalen i Østfold. Eg ser i eit intervju at Ahtisaari sjølv lurte på om det kunne bli halde mot han at han var "12,5 prosent norsk”" Det kan godt hende at vi dei seinare tiåra har vore spesielt strenge andsynes norske kandidatar. Men i 1921 og 1922 var Nobelkomiteen ikkje skvetten. Då gav den prisen først til Christian Lange og så til Fridtjov Nansen året etter. To nordmenn har fått fredsprisen mot fem svenskar og ein danske. Først nå får ein finne prisen. Vi har lytta til Alfred Nobel. Han formante at den verdigaste kandidaten skulle få prisen "antigen han är Skandinav eller ej."

Martti Ahtisaari er fødd i Viborg, men under Vinterkrigen 1939-40 flytta han og mora til Kuopio og seinere til Uleåborg. Faren var ved fronten. Etter krigen blei Viborg, den nest største byen i Finland, innlemma i Sovjetunionen, og nesten alle dei finske innbyggjarane evakuerte til finsk territorium. Denne røynsla "forklarer mitt ønske om å fremme fred og således hjelpe andre som har gått gjennom det samme som meg," har Ahtisaari fortalt. Allereie som 23-åring, i 1960, drog Ahtisaari til Karachi i Pakistan, der han i tre år leidde oppbygginga av eit KFUM-senter for fysisk utdanning og også for utdanning av lærarar. Her blei han vand med å leve i eit internasjonalt miljø. Etter utdanning på Den tekniske høgskulen i Helsingfors byrja Ahtisaari i Utanriksdepartementet i 1965. Her arbeidde han spesielt med utviklingsbistand.

Ahtisaari skulle få nesten heile verda som arbeidsfelt. I 1973 blei han finsk ambassadør til Tanzania. I 1977 blei han utnemnt til United Nations Commissioner for Namibia og også Special Representative of the Secretary General for Namibia. Dei neste fjorten åra skulle Namibia bli det landet der han la ned størst arbeidsinnsats, sjølv om han i denne perioden også tok på seg anna arbeid både internasjonalt og i Finland.

Av sine mange meklingsprestasjonar set Ahtisaari sjølv arbeidet i Namibia høgst. Meklinga tok så lang tid. Så mange aktørar og dimensjonar var involverte. USA og Sovjetunionen var engasjerte. Den kalde krigen fann i aller høgste grad stad også i det sørlege Afrika. I nabolandet Angola gjekk det føre ein borgarkrig der Cuba og Sør-Afrika var med. Namibia var formelt eit område som FN hadde tilsynet med, men i røynda blei det styrt av Sør-Afrika. Sjølvstenderørsla SWAPO voks seg stadig sterkare.

Fredsprosessen blei stimulert av at den kalde krigen tok slutt. Den blei også påskunda ved at eit nytt kvitt Sør-Afrika under F.W. de Klerk voks fram. Men midt i alt dette, med alle trådane samla i si hand, stod altså Martti Ahtisaari. Han er blitt kalla "Namibias jordmor". Av og til er jordmora avgjerande for liv og død. Ingen diplomat gjorde meir enn han for å hjelpe Namibia til sjølvstende – det skjedde 21. mars 1990, etter 24 års kamp. I dag er Ahtisaari æresborgar av landet. Det er mange guttar i Namibia som heiter Martti. Det må vere ei ære vel så stor som å bli tildelt Nobels fredspris!

Vi takkar Ahtisaari for innsatsen i Namibia!

I Namibia var Ahtisaari utstyrt med mandat frå FN. Gjennom mange år måtte han handtere mange ulike aktørar på høgst forskjellige nivå. I Aceh var situasjonen heilt annleis. Der gjekk det føre ein alvorleg konflikt om Acehs status mellom dei sentrale styresmaktene i Djakarta på den eine sida og Free Aceh Movement (GAM) på den andre. Heilt sidan 1976 hadde GAM ønskt sjølvstende. Blodige kampar hadde vore utkjempa. Sivilbefolkninga leid – som alltid – mest under konflikten. Minst 15 000 menneske mista livet. Ein landsby blei kalla "Enkenes by". Mennene frå landsbyen var enten blitt drepne eller hadde gøymt seg oppe i fjella. I 2003 var ei fredsavtale frå året før brote saman. Alt syntest ved det gamle. Partane hadde ikkje snakka saman på tjue månader.

I denne situasjonen tok Ahtisaari eit initiativ saman med sin organisasjon Crisis Management Initiative (CMI). Dei hadde ikkje noko internasjonalt mandat. Dei såg mogelegheiter der andre berre såg konfliktar. Men dei trudde arbeidet ville ta tid. Ahtisaari sa at når eit ektepar ikkje har snakka saman på tjue måneder, kan du ikkje vente at kjærleiken vil blomstre med ein gong. Sjølv om kjærleiken kanskje ikkje blomstra, gjekk fredsmeklinga raskt. I januar 2005 førte Ahtisaari og CMI partane saman i Finland. Sju månader seinare hadde regjeringa og GAM skrive under på ei fredsavtale i Helsingfors.

Ein naturkatastrofe bidrog til løysinga. Den ufattelege tsunamien hadde ramma Aceh særleg hardt. Minst 170 000 menneske mista livet berre der. I all si gru skulle katastrofen gjere det lettare å skape fred. Men naturkatastrofar legg ikkje nødvendigvis tilhøva til rette for samarbeid og samkjensle. Det erfarte vi i Sri Lanka, der utviklinga gjekk i feil retning trass i tsunamien. Nokon måtte føre partane saman. Nokon måtte leggje forholda til rette. Ahtisaari og CMI oppnådde at partane blei samde om at Aceh skulle vere ein del av Indonesia, men få omfattande sjølvstyre. GAM skulle levere inn våpna, og gjerast om til eit politisk parti. Prosessen har gått overraskande bra, sjølv om det framleis finst utfordringar. Val skal haldast i april 2009. President Susilo Bambang Yudhoyono i Indonesia har kalla Ahtisaari "En fredens mester".

Vi takkar Ahtisaari for løysinga i Aceh!

Balkan er det tredje området der meklingsarbeidet til Ahtisaari har ført til resultat. I Bosnia-Herzegovina arbeidde han som meklar for FN. I 1999 bidrog han saman med Russlands statsminister Viktor Tsjernomyrdin til å gjere slutt på krigen om Kosovo. Det var dei to saman som fekk Slobodan Milosevic til å stoppe krigen. Ahtisaari er ikkje ein som talar med store ord om verka sine. Om Kosovo har han i eit intervju sagt at Tsjernomyrdin og han ”ikke forhandlet med Milosevic. Vi presenterte ganske enkelt et tilbud som ville gjøre det lettere å få en slutt på bombingen, forutsatt at han forpliktet den jugoslaviske regjeringen til visse prinsipper.”

Det er ingen gitt å løyse alle internasjonale problem. Nokre gonger står partane for langt frå kvarandre. Då må vi vere nøgde dersom tvistemålet kjem berre nokre skritt nærmare ei løysing. Dei siste åra har Ahtisaari arbeidd hardt for å finne ei varig løysing for Kosovo. I november 2005 blei han utnemnt til Special Envoy of the United Nations Secretary-General for Kosovos framtidige status. Oppgåva var vanskeleg. Partane stod svært langt frå kvarandre. Fleire hundreår med bitter historie skilde dei. Dei siste tjue åra hadde vore ei meir eller mindre vedvarande krise. Serbia var grunnleggjande imot at Kosovo skulle bli sjølvstendig. Kosovoalbanarane på si side – og dei utgjorde no meir enn 90 prosent av alle innbyggjarane – ønskte ingenting anna. I Aceh blei det funne eit kompromiss. I Kosovo var det umogeleg med eit kompromiss. I januar 2007 la Ahtisaari fram sitt forslag til løysing. Kosovo skulle nærmast bli sjølvstendig, berre underlagd eit visst internasjonalt tilsyn. Serberane i Kosovo skulle ha betydeleg autonomi. Visse band til Serbia skulle dei få rett til å ha også i framtida. Forslaget møtte massiv motstand i Serbia. Kosovoalbanarane var like eintydig positive.
 
Ahtisaaris forslag til løysing blei aldri vedteke av FNs Tryggingsråd. Russland, som har sterke band til Serbia, var mot. I juli 2007 erklærte Ahtisaari at oppdraget var fullført. Nye forhandlingar inspirerte av USA, EU og Russland førte heller ikkje til ei løysing som begge partar kunne godta. Etter det erklærte kosovoalbanarane Kosovo som sjølvstendig den 17. februar 2008. Den nye staten blei raskt anerkjent av USA og dei fleste av EU-landa. Hittil har over 50 land gjort det same. Den 10. oktober høyrde Ahtisaari at Makedonia og Montenegro hadde anerkjent Kosovo. Så fekk han telefonen om Nobels fredspris. Det må ha vore ein hyggjeleg dag!

Serbia, støtta av Russland, tek framleis avstand frå den nye staten. Det kan likevel hevdast at Ahtisaaris løysing for Kosovo langt på veg er blitt gjennomført i praksis. Kosovo har fått sjølvstende. Konflikten hadde ikkje noka anna løysing. Mykje tyder likevel på at den serbiske minoriteten vil bli meir eller mindre integrert i Serbia, i strid med Ahtisaari sin plan.

Vi takkar Ahtisaari for arbeidet med å løyse Kosovo-konflikten!

Det er nesten ikkje til å tru alt det Ahtisaari har rokke over. Hans største bedrifter har vi nemnt. Dei er knytt til Namibia, Aceh og Kosovo. Men han har også ytt viktige bidrag til fred og forsoning i Nord-Irland, i Sentral-Asia og på Afrikas Horn. I tillegg til alt dette har han i seks år vore Finlands president. I presidentperioden, frå 1994 til 2000, betra Finlands økonomi seg vesentleg. Finland blei medlem av EU. Boris Jeltsin og Bill Clinton møttest i Helsingfors. Men med det finske politiske establishment til stades her i Oslo Rådhus skal vi vere varsame med å tildele Ahtisaari for mykje av æra for denne utviklinga.

I 2008 har Ahtisaari og Crisis Management Initiative vore involverte i forhandlingar om fred i Irak. I samarbeid med fleire amerikanske institusjonar fekk CMI, med Ahtisaari som "senior advisor", i april i Helsingfors 36 irakiske politikarar til å bli samde om ei prinsipperklæring for fred i Irak. Erklæringa slo fast at dialog og forhandlingar må vere den viktigaste måten å løyse problema i landet på. Tilretteleggjarar, såkalla "Facilitators", frå Nord-Irland og Sør-Afrika er også med på dette arbeidet. CMI og Ahtisaari medverkar framleis i den vidare prosessen.

Ofte har Den Norske Nobelkomite gitt Nobels fredspris til partane i ein konflikt. Det er partane, og personane som representerer desse partane, som ber den personlege og politiske risikoen ved å inngå ei fredsavtale. Men også meklarar står andsynes store utfordringar. Partane i ein konflikt treng nesten alltid hjelp for å kome til målet. Den Norske Nobelkomite har heidra meklarane frå Theodore Roosevelt i 1906 til Kofi Annan i 2001 og Jimmy Carter i 2002. Ahtisaari høyrer altså til ei eksklusiv gruppe av meklarar som har medverka på avgjerande vis til fred og forsoning i verda. Innsatsen har vore iherdig. Ahtisaari har oppnådd gode resultat. Han har vist kva for rolle mekling av mange ulike slag kan spele for løysing av svært kompliserte internasjonale konfliktar.

Meklarar er sikkert nesten like forskjellige som folk flest. Sjølv har Ahtisaari sagt: "Jeg har lært at du oppnår ikke fred ved bare å si hyggelige ting til partene. Du må være oppriktig. Du må ha mot til å si til folk at de opptrer kontraproduktivt. Jeg er oppriktig. Jeg er ikke alltid hyggelig." Dette høyrest kanskje ikkje så vanskeleg ut. I Aceh spurde han partane rett ut: "Ønsker dere å vinne krigen, eller ønsker dere fred?" Optimisme er viktig i meklingsarbeid. Ahtisaari trur at einkvar konflikt kan løysast. Einkvar. Det er optimisme det. Finsk sisu har sikkert hjelpt godt. Det har nok støtta frå kona Eeva også. Evna til å lytte og til å gå til kjernen i problema er avgjerande. Mange har dessutan sagt at du oppnår mest dersom du ikkje er for oppteken av å skaffe deg eiga ære. Det tyder jo ikkje at ein seinare ikkje kan få Nobels Fredspris.

Berre dei færraste av oss kan bli fredsmeklarar på høgt internasjonalt nivå. Men vi kan alle bli fredsmeklarar på nasjonalt eller lokalt nivå, i nabolag, i skulen og i familien. Her kan universitet og skular gjere ein viktig innsats. Ahtisaari har sagt det slik: "Vi alla skal titta i spegeln och fråga oss själva om jag har gjort mitt bästa för freden."

Eg likar å slutte Nobeltalen med eit skjønnlitterært sitat. I år skal diktaren vere finsk. Teksten er skriven i 1926 av Frans Eemil Sillanpää. I 1939 fekk han Nobelprisen i litteratur. Sillanpää er den einaste finnen som har fått litteraturprisen. Teksten er omsett frå finsk til norsk av Jan Erik Kaplon. Eg les den som ei helsing frå Finlands einaste litteraturprisvinnar til landets første fredsprisvinnar:

"Dypest sett har hele menneskeheten felles skjebne. Vår nød er felles.
Derfor må vi ære de anstrengelsene ethvert menneske gjør seg for å lindre og fjerne den felles nøden.

Enhver krig er en skam for den som fører den og for hele menneskeheten. Krig ender alltid i elendighet. Kun i fredens tid gjør menneskeheten sine gode gjerninger. Bare da makter vi å forebygge nøden. Den som bygger freden, bygger menneskeligheten." "Se joka rakentaa rauhaa, rakentaa ihmisyyttä." 
 
Vi gratulerer Martti Ahtisaari med Nobels fredspris. Parhaat onnittelut, Martti Ahtisaari! Den Norske Nobelkomite vonar at andre let seg inspirere av innsatsen og av resultata dine.

 

Copyright © The Nobel Foundation 2008
Share this:
To cite this page
MLA style: "Nobels Fredspris 2008 - Tale". Nobelprize.org. Nobel Media AB 2014. Web. 3 Sep 2014. <http://www.nobelprize.org/nobel_prizes/peace/laureates/2008/presentation-speech_no.html>

Recommended:

Disarm the world with the help of peace doves!

 

All you need to know about the Nobel Peace Prize!

 

Read more about the Nobel Peace Prize during the past century.