Jon Fosse – Prosa

Nobel Prize laureate in literature 2023 Jon Fosse reads (in Norwegian) from his book Det andre namnet. Septologien I-II (The Other Name. Septology I-II). The video was recorded in Stockholm on 9 December 2023.

English
Swedish
Norwegian

Ekstrakt fra Det andre namnet. Septologien I-II

Og eg ser meg stå og sjå mot biletet med dei to strekane, ein lilla og ein brun, som kryssar einannan på midten, eit avlangt bilete, og eg ser at eg har måla strekane langsamt og med tjukk oljemåling, og ho har runne, og der den brune og den lilla linja kryssar einannan blandar fargen seg vakkert og renn nedetter og eg tenkjer at dette ikkje er noko bilete, men samstundes er biletet slik det skal vera, det er ferdig, det er ikkje meir å gjera med, tenkjer eg og eg må få biletet bort, eg vil ikkje lenger ha det ståande der på staffeliet, eg vil ikkje sjå på det meir, tenkjer eg og eg tenkjer at i dag er det måndag og eg tenkjer at eg må setja biletet bort til dei andre målarstykka eg arbeider med, men som eg enno ikkje er ferdig med, dei som står med blindramma ut der mellom døra til kammerset og døra til gangen, under knaggen der den brune skulderveska i lêr heng, den eg har skisseblokk og blyant i, og så ser eg mot dei to stablane med ferdige bilete som står stødde mot veggen attmed kjøkendøra, eg har alt eit lite tital større målarstykke ferdige, og så fire fem små, noko slikt, i alt er det fjorten bilete, og dei står i kvar sin stabel jamsides ein­annan der attmed kjøkendøra, for det er ikkje så lenge til eg skal ha utstilling, dei fleste bileta er meir eller mindre kvadratiske, dei seier, tenkjer eg, men stundom målar eg òg bilete som er lange og smale og biletet med dei to strekane som kryssar einannan er rektangulært, dei seier, men det biletet vil eg ikkje ha med på den neste ut­stillinga eg skal ha, for eg likar eigentleg slett ikkje biletet, og kanskje er det ikkje noko mål­arstykke i det heile, herre to strekar, eller kanskje vil eg ha det sjølv og ikkje selja det? for det finst dei bilete eg vil ha sjølv og ikkje vil selja, og dette er kanskje eit av dei jamvel om eg mislikar målarstykket? ja endåtil om det kanskje må sei­ast å vera eit mislykka bilete så vil eg kanskje ta vare på det og ha det sjølv? og ikkje veit eg kvi­for eg vil ha det sjølv saman med dei få andre bileta eg har ståande der på loftet, på den eine kvisten der, og ikkje vil verta av med, eller kanskje, forresten, kanskje Åsleik vil ha biletet? ja for så å gje det i julegåve til Systera? for kvart år, i adventstida, får han eit målarstykke av meg som han gjev til Systera i julegåve, og så får eg kjøt og fisk og ved og anna av han, ja og så må vi ikkje gløyma at han òg brøyter gardsvegen min om vinteren, som Åsleik plar seia, ja det òg lik­som, og når eg så seier kva eit slikt målarstykke vert selt for i Bjørgvin, ja då seier Åsleik at det for han er uskjøneleg at folk vil betala så mykje for eit bilete, ja dei som det gjer må i alle fall ha flust med pengar, seier han, og eg seier at eg kan skjøna ar han tykkjer det er mykje pengar, for det gjer eg òg, og Åsleik seier at då, at når det er slik, så er det eigentleg ein god handel han gjer, og i så fall gjev han Systera ei altfor dyr julegåve kvart år, seier han og eg seier ja ja og så vert det taust og så seier eg at det hender no at eg stikk til han eit par setlar for pinnekjøtet og spekekjøtet og turrfisken og veden, og for brøytinga, og kanskje ein pose med litt matvarer kjøpte i Bjørg­vin når eg har vore på handel der, seier eg, og han seier noko brydd at ja eg gjer då det, rett skal rett vera, seier han og eg tenkjer at det skulle eg ikkje ha sagt, for Åsleik vil ikkje ta imot pengar eller noko anna, men når eg meiner at eg har så eg klarer meg, har nøgda, og han godtsom pengelens er, ja då stikk eg liksom berre nokre setlar til han snøgt og i løynd og som om vi lik­som ikkje merkar det, og det same når eg er på handel i Bjørgvin, då kjøper eg òg alltid med noko til Åsleik, tenkjer eg, for om eg tener lite, ja så tener han nesten ingenting jamført med det eg tener, tenkjer eg og eg ser mot stablane med fer­dige målarstykke som står med den heimesnikra blindramma ut, og kvart bilete har tittel, og den er måla med svart tjukk oljemåling øvst på blind­ramma, og det målarstykket som står ytst og som eg ser imot det heiter Og bølgjene slår sitt noko, ja titlane er viktige for meg, dei er som del av sjølve biletet, og alltid målar eg dei med svart oljemåling øvst på blindramma, og blind­rammene mine dei snikrar eg sjølv, det har eg all­tid gjort og det kjem eg til å gjera så lenge eg målar, tenkjer eg og eg tenkjer at eigentleg er det kanskje for mange bilete til ei utstilling, men eg tek alle med og leverer dei til Galleri Beyer og så får heller Beyer setja nokre til sides der i side­rommet til sjølve galleriet, i Banken som han kallar rommet der han lagrar bilete som ikkje er utstilte, tenkjer eg og så går og eg ser atter mot biletet av dei to strekane som kryssar einannan, begge er måla tjukt, pastost, dei seier, og olje­målinga har sige litt, og så har det vorte ein slik forunderleg farge der dei to strekane kryssar einannan, det er ein vakker farge utan namn, så­leis det som oftast er, for det kan sjølvsagt ikkje finnast namn på alle dei tallause fargane som finst, tenkjer eg og eg går nokre meter bort frå biletet og eg vert ståande og sjå på det og så sløk­kjer eg lyset og så står eg der og ser på biletet i mørkret, for ute er det mørkt, på denne tid av året er det mørkt, eller nesten mørkt, døgeret rundt, tenkjer eg og eg ser mot biletet og augo er ved å venja seg til mørkret og eg ser strekane, ser dei kryssa, og eg ser at det er mykje lys i biletet, ja mykje usynleg lys, så då, ja då er det vel eit godt målarstykke likevel, kanskje, tenkjer eg, og eg vil ikkje lenger sjå på biletet, tenkjer eg og så vert eg ståande og sjå på biletet likevel, og no må eg gje meg med det, tenkjer eg og så ser eg mot det runde bordet der framfor vindauga, attmed det runde bordet er to stolar, og i den eine, den til venstre, der sat og sit eg, og i den til høgre der sat støtt Ales, ja så lenge ho levde, men ho døydde så altfor ung og det vil eg ikkje tenkja på, og sys­ter Alida, ho òg døydde så altfor ung og eg vil ikkje tenkja på det, tenkjer eg og eg ser meg sitja der i stolen min og sjå mot den faste staden eg plar sjå mot der ute i Sygnesjøen, på peilinga mi, der toppen av furua nedanfor huset mitt skal vera midt i den midtre glasruta i det todelte vindauga, i den høgre delen, for vindauga er delt i to, og begge delane kan opnast, og kvar del av vindauga er delt i tre ruter, og det er midt i den til høgre at toppen av furua skal vera og eg skim­tar furua og på médet mitt kan eg sjå bølgjene der i mørkret og eg ser meg sitja der og sjå mot bølgjene og eg ser meg gå mot bilen min der han står parkert framfor Galleri Beyer, eg går i den lange svarte frakken min, og over skuldra heng den brune skulderveska i lêr,

Utdrag fra Det andre namnet. Septologien I-II av Jon Fosse,
Det Norske Samlaget 2019.
Copyright © Jon Fosse, 2019.
Gjengitt med tillatelse fra Det Norske Samlaget.

To cite this section
MLA style: Jon Fosse – Prosa. NobelPrize.org. Nobel Prize Outreach AB 2024. Sun. 15 Dec 2024. <https://www.nobelprize.org/prizes/literature/2023/fosse/214893-fosse-prose-norwegian/>

Back to top Back To Top Takes users back to the top of the page

Book tips

Nobel Prize in Literature 2023

Want to get started with 2023 literature laureate Jon Fosse, but don’t know which book to pick up first? Here, Anders Olsson, Chairman of the The Nobel Committee for Literature gives his recommendations.

Books by Jon Fosse

Photo: Claire Eriksson. © Nobel Prize Outreach

Nobel Prizes and laureates

Six prizes were awarded for achievements that have conferred the greatest benefit to humankind. The 12 laureates' work and discoveries range from proteins' structures and machine learning to fighting for a world free of nuclear weapons.

See them all presented here.

Illustration

Explore prizes and laureates

Look for popular awards and laureates in different fields, and discover the history of the Nobel Prize.