Jon Fosse – Nobelførelesing

English
English [pdf]
Swedish
Swedish [pdf]
Norwegian
Norwegian (pdf)

Eit taust språk

Då eg gjekk på ungdomsskulen skjedde det brått. Læraren bad meg om å lesa høgt. Og som frå ingenstad kom brått ei redsle over meg som heilt overvelda meg. Eg liksom forsvann inn i redsla og var berre den. Eg reiste meg og sprang ut or klasserommet.

Eg merka dei store augo til elevane, og til læraren, følgja meg ut or klasserommet.

Etterpå freista eg forklara den merkelege åtferda mi med at eg måtte på do. Eg såg nok på andleta til dei som laut høyra på at dei ikkje trudde på meg. Og vel helst tenkte at eg hadde blitt sprø, ja var i ferd med å bli galen.

 

Denne redsla for høgtlesing følgde meg vidare. Etter kvart fekk eg mot til å be lærarane om å lata meg sleppa lesa, sidan eg var så redd for det, somme trudde på meg og lét meg sleppa, andre trudde at eg på eitt eller anna vis dreiv gjøn med dei.

Eg lærde noko viktig om menneske av denne røynsla. Og eg lærde mangt anna.

Ja faktisk truleg òg noko som gjer at eg i dag kan stå og lesa høgt for ei forsamling. Og no nesten heilt utan redsle.

Kva var det eg lærde?

Det var på ein måte som om redsla tok språket frå meg, og at eg så å seia måtte ta det tilbake. Og skulle eg klara det kunne eg ikkje gjera det på andres vilkår, men på mine eigne.

Eg byrjar skriva eigne tekstar, små dikt, små forteljingar.

Og eg opplevde at å gjera det gav meg tryggleik, gav meg det motsette av redsle.

Eg fann liksom ein stad der inne i meg som var berre min, og frå den staden kunne eg skriva det som var berre mitt.

 

No, kring femti år seinare, sit eg framleis og skriv – og eg skriv framleis frå denne hemmelege staden inne i meg, ein stad eg sant å seia ikkje veit så mykje meir om enn at han finst.

Den norske poeten Olav H. Hauge har skrive eit dikt der han jamfører det å dikta med å vera barn og byggja lauvhytter i skogen, og så krypa inn i dei, tenna stearinlys og sitja der og kjenna seg trygg i mørke haustkveldar.

Eg synest dette er eit godt bilete på korleis eg òg opplever det å skriva.

No – som for femti år sidan.

 

Og eg lærde meir, eg lærde at det, i alle fall for meg, er stor skilnad mellom det talte og det skrivne språket, eller mellom det talte og det litterære språket.

Ofte er det talte språket monologisk formidling av ein bodskap om at noko skal vera slik eller slik, eller det er retorisk formidling av ein bodskap med overtaling eller overtyding.

Det litterære språket er aldri slik – det formidlar ikkje, det er meining heller enn kommunikasjon, det har sitt eige være.

 

Eg har skrive mykje både prosa og dramatikk.

Gjennom angsten for høgtlesing gjekk eg så å seia inn i den einsemda livet til det skrivande mennesket er – og der har eg halde meg sidan.

 

I’ve written a great deal of both prose and drama.

Og det som særkjenner dramatikken er jo at den er ein skriven tale, der dialogen, samtalen, eller ofte freistnaden på samtale, og det som måtte finnast av monolog, alltid er del av eit dikta univers, er del av noko som ikkje formidlar, men som har sitt eige være, som er.

 

Og når det gjeld prosa har Mikhail Bakhtin rett i at sjølve utsegnsmåten, sjølve det å fortelja, har i seg to røyster.

For å forenkla litt: røysta til den som fører ordet, den som skriv, og røysta til den det blir fortalt om. Desse røystene glir ofte slik inn i kvarandre at det er umogeleg å seia kven som fører ordet.

Det blir rett og slett ei dobbel skriftrøyst – og den er sjølvsagt også del av det dikta universet, av logikken i det.

For kvart einaste diktverk eg har skrive er så å seia eit eige fiktivt univers, ei eiga verd. Ei verd som er ny for kvart stykke, for kvar roman.

 

Men også eit godt dikt, for eg har òg skrive ein god del lyrikk, er òg sitt eige univers – det relaterer hovudsakleg til seg sjølv. Og så kan den som les det koma inn i det universet diktet er – ja det er meir som ein slags kommunion enn som kommunikasjon.

Forresten gjeld nok kanskje dette alt eg har skrive.

 

Sikkert er i alle fall at eg aldri har skrive for å uttrykkja meg sjølv, som det heiter, heller for å koma meg bort frå meg sjølv.

 

At eg enda opp som dramatikar – ja kva skal eg vel seia om det?

Eg skreiv romanar og dikt og ønskte ikkje å skriva for teater, men gjorde det i si tid fordi eg – i ein offentleg finansiert freistnad på å få skrive meir ny norsk dramatikk – vart tilboden ein for meg, fattig forfattar som eg var, god slump pengar for å skriva opninga til eit stykke, og enda opp med å skriva eit heilt stykke, det første og framleis mest spelte stykket mitt, Nokon kjem til å koma.

 

Det for første gong å skriva eit stykke var den største overraskinga i heile mitt forfattarliv. For både i prosa og i dikt hadde eg freista skriva det som på vanleg vis – på vanleg talt vis – ikkje kan seiast med ord. Ja nettopp. Eg freista skriva fram det useielege, slik det vart sagt i grunngjevinga då det vart kunngjort at eg skulle få Nobelprisen.

Det viktigaste i livet kan ikkje seiast, berre skrivast, for no å vri litt på ei velkjend utsegn av Jacques Derrida.

Eg freista altså la den tause talen koma til orde.

Og når eg skreiv dramatikk kunne eg nytta den tause talen, togna, på ein heilt annan måte enn i prosa og dikt. Eg kunne berre skriva ordet pause, ja så var den tause talen der. Og i dramatikken min er ordet pause utan tvil det viktigaste og mest nytta ordet – lang pause, kort pause, eller berre pause.

I desse pausane kan det vera så mykje, eller så lite. At noko ikkje kan seiast, at noko ikkje vil seiast, eller at det best blir sagt med ikkje å seia noko som helst.

Likevel er eg rimeleg sikker på at det som mest talar gjennom pausane er stilla.

 

I prosaen min har kanskje alle repetisjonane ein liknande funksjon som pausane i dramatikken. Eller eg tenkjer det vel kanskje slik at medan det i stykka er ein taus tale, så er det i romanane eit taust språk bak det skrivne språket, og skal eg skriva godt så må dette tause språket også skrivast fram, til dømes er det i Septologien dette tause språket, for no å ta eit par enkle, konkrete døme, som seier at den første Asle og den andre Asle godt kan vera den same personen, og at heile den lange romanen, på rundt tolv hundre sider, eigentleg kanskje berre er ei framskriving av eit utdrege no.

 

Men mest talar ein taus tiltale, eller eit taust språk, frå heilskapen i eit verk. Anten det er ein roman eller eit stykke, eller ein teaterproduksjon, så er det ikkje delane i seg sjølv som er viktige, det er heilskapen, som også må vera i kvar minste detalj – eller kanskje kan eg våga meg til å snakka om heilskapens ånd, ei ånd som talar liksom både nært og fjernt.

Og kva høyrer ein då, om ein lyttar godt nok etter? Ein høyrer stilla.

Og slik det har blitt sagt, så er det berre i stilla ein kan høyra Guds røyst.

 

Kanskje det.

 

For no å koma seg attende til jorda vil eg nemna noko anna det å skriva for teater gav meg. Det å skriva er ein einsam ting, som sagt, og einsemda er god den – så lenge vegen attende til dei andre er open, for å sitera eit anna dikt av Olav H. Hauge.

Og det som greip meg då eg for første gong såg noko eg hadde skrive framført på ein scene, ja det var nettopp det motsette av einsemd, det var fellesskap, ja å skapa kunst gjennom å dela kunst – og det gav meg ein stor glad tryggleik.

Denne røynsla har følgt meg seinare, og har nok gjort at eg med fred i sinnet ikkje berre har halde ut, men òg hatt ei slags glede sjølv av dårlege produksjonar av eigne stykke.

 

Teater er jo eigentleg ei stor lytting – ein instruktør må, eller bør i alle fall, lytta til teksten, slik skodespelarane lyttar til den og til kvarandre og til instruktøren og slik publikum lyttar til heile framsyninga.

 

Og det å skriva er for meg lytting: når eg skriv tenkjer eg aldri noko ut, eg planlegg ingenting, eg lyttar meg framover.

Så skal eg nytta ein metafor for det å skriva må det altså bli å lytta. Og dermed minner nesten sjølvsagt dikting om musikk. Og i si tid, i tenåra, gjekk eg så å seia direkte frå berre å vera oppteken av musikk og til å skriva. Eg slutta faktisk heilt både å spela sjølv og å lytta til musikk og byrja skriva og i skrivinga freista eg å skriva fram noko av det eg opplevde då eg spelte. Det gjorde eg den gongen – og det gjer eg framleis.

 

Noko anna, kanskje litt merkeleg, er at eg alltid når eg skriv ein eller annan gong får ei kjensle av at teksten alt er ferdigskriven, der ute ein eller annan stad, ikkje inne i meg, og at det berre gjeld å skriva han ned før teksten forsvinn.

Av og til kan eg gjera det utan å endra, andre gonger må eg liksom leita meg fram til den teksten med å skriva om, stryka, med varsamt å freista finna fram til den alt ferdigskrivne teksten.

 

Eg som ikkje ville skriva for teater enda opp med i om lag femten år berre å gjera det. Og stykka eg skreiv vart til og med spelte, ja etter kvart har det vore ei mengd produksjonar i mange land.

Eg skjønar det framleis ikkje.

Livet er ikkje til å skjøna.

Slik det heller ikkje er til å skjøna at eg no står her og freistar seia nokre meir eller mindre forstandige ord om det å dikta i samband med at eg blir tildelt Nobelprisen i litteratur.

Og at eg har blitt tildelt prisen har, så langt eg skjønar, både med dramatikken og med prosaen min å gjera.

 

Etter å nesten berre ha skrive dramatikk i mange år kjendest det brått som at nok var nok, ja var meir enn nok, og eg bestemte meg for heilt å slutta skriva dramatikk.

Men det å skriva har nok blitt ein vane eg ikkje kan klara meg utan – kanskje kan ein med Marguerite Duras kalla det ein sjukdom – så eg bestemte meg for å gå attende til der det byrja, til å skriva prosa og eitt og anna diktet, slik eg hadde gjort i godt og vel eit tiår før eg debuterte som dramatikar.

 

Og dei siste ti-femten åra har eg gjort det. Då eg for alvor byrja skriva prosa igjen var eg usikker på om eg framleis fekk det til. Først skreiv eg Trilogien – og opplevde det som ei stor stadfesting på at eg hadde noko å koma med også som prosaist då eg fekk Nordisk råds litteraturpris for den romanen.

Deretter skreiv eg Septologien.

Og under skrivinga av den opplevde eg nokre av mine lykkelegaste stunder som forfattar, som til dømes då den eine Asle finn den andre Asle liggjande i snøen og slik reddar livet hans. Eller slutten, då den første Asle, hovudpersonen, legg ut på si siste reise, i ein båt, ein sjark, saman med Åsleik, den beste og einaste venen sin, for å feira jul saman med syster til Åsleik.

Eg hadde ingen tanke om å skriva ein lang roman, men romanen skreiv seg så å seia sjølv, og det vart ein lang roman, og mange strekk skreiv eg i så fin flyt at alt vart rett med det same.

Og det er vel då eg er nærast det ein kan kalla lykke.

Heile Septologien har i seg minningar om mykje av det andre eg har skrive, men sett i eit anna lys. At det ikkje er med eitt einaste punktum i heile den lange romanen, er ikkje noko påfunn. Romanen skreiv seg berre slik, i ein flyt, ei rørsle, som ikkje kravde punktum.

 

I eit intervju ein gong i tida sa eg at det å dikta var ei slags bøn. Og eg skjemdest godt då eg såg det på trykk. Men noko seinare las eg, til stor trøyst, at Franz Kafka hadde sagt det same. Så kanskje – likevel?

 

Dei første bøkene mine fekk temmeleg dårleg kritikk, og eg bestemte meg for at eg ikkje skulle høyra på kritikarane, eg skulle stola på meg sjølv, ja halda fast ved mitt. Og om eg ikkje hadde gjort det, ja så hadde eg slutta skriva etter at debutromanen Raudt, svart kom ut for førti år sidan.

Seinare fekk eg helst gode kritikkar, og eg byrja til og med å få prisar – og då meinte eg at det var viktig å halda fast ved den same logikken, om eg ikkje høyrde på dei dårlege kritikkane så skulle eg heller ikkje la medgangen påverka meg, eg skulle halda fast ved mitt, halda fram med mitt.

Og det meiner eg at eg har klart å gjera, og eg trur sant å seia at eg skal klara det sjølv etter å ha fått Nobelprisen.

 

Då det var kunngjort at eg skulle få Nobelprisen i litteratur fekk eg ei mengd epostar og gratulasjonar, det gledde meg sjølvsagt, dei fleste helsingane var nøkterne og glade men somme skreiv at dei hadde skrike av glede, andre at dei hadde teke til tårene. Det rørte meg mykje.

Det er fleire sjølvmord i diktinga mi. Fleire enn eg likar å tenkja på. Eg har vore redd for at eg slik kan ha vore med på å legitimera sjølvmord. Så det som rørte meg aller mest var dei som med reine ord skreiv at diktinga mi rett og slett hadde redda livet deira.

Eg har for så vidt alltid visst at dikting kan redda liv, kanskje har den til og med redda mitt eige. Og om mi dikting også kan hjelpa til med å redda andres liv, ja så kan ingenting gleda meg meir enn det.

 

Takk til Svenska Akademien for å ha gjeve meg Nobelprisen i litteratur. Og takk til Gud.

To cite this section
MLA style: Jon Fosse – Nobelførelesing. NobelPrize.org. Nobel Prize Outreach AB 2024. Sat. 14 Dec 2024. <https://www.nobelprize.org/prizes/literature/2023/fosse/215846-nobel-lecture-norwegian/>

Back to top Back To Top Takes users back to the top of the page

Book tips

Nobel Prize in Literature 2023

Want to get started with 2023 literature laureate Jon Fosse, but don’t know which book to pick up first? Here, Anders Olsson, Chairman of the The Nobel Committee for Literature gives his recommendations.

Books by Jon Fosse

Photo: Claire Eriksson. © Nobel Prize Outreach

Nobel Prizes and laureates

Six prizes were awarded for achievements that have conferred the greatest benefit to humankind. The 12 laureates' work and discoveries range from proteins' structures and machine learning to fighting for a world free of nuclear weapons.

See them all presented here.

Illustration

Explore prizes and laureates

Look for popular awards and laureates in different fields, and discover the history of the Nobel Prize.