Tal

Norwegian

Tale av leder av Den Norske Nobelkomite Ole Danbolt Mjøs,
Oslo, 10. desember, 2005.

Dykkar Majestetar, Høgvyrde Kronprins, Prisvinnarar, Eksellensar, Mine damer og herrar,

Den Norske Nobelkomite har bestemt at Nobels fredspris for 2005 skal delast, i to like store delar, mellom International Atomic Energy Agency (IAEA) og generaldirektøren der, Mohamed ElBaradei, for arbeidet deira for å hindre at kjernefysisk energi vert nytta til militære føremål og for at kjernefysisk energi til sivile føremål vert nytta på sikrast mogelege måte.

I ei tid då trugsmålet frå kjernevåpna aukar på ny, ynskjer Den Norske Nobelkomite å streke under at dette trugsmålet må handterast gjennom eit internasjonalt samarbeid så breitt som råd er. I dag kjem dette klårast til uttrykk gjennom arbeidet til IAEA og generaldirektøren. I det kjernefysiske ikkje-spreiingsregimet er det IAEA som held kontroll med at atomenergien ikkje vert misbrukt til våpenføremål, og generaldirektøren har stått fram som ein uredd talsmann for nye tiltak til å styrkje dette regimet. I ei tid då nedrustingsarbeidet står i stampe, der det er fare for spreiing av atomvåpen både til statar og terroristgrupper, og der kjernekrafta på ny ser ut til å spele ei aukande rolle, er IAEA sin innsats uvurderleg viktig.

Visjonen bak IAEA kom frå president Dwight D. Eisenhower. I desember 1953 heldt han sin berømte Atoms for Peace-tale i FN. Visjonen var overraskande konkret: Atommaktene skulle “make joint contributions from their stockpiles of normal uranium and fissionable materials to an International Atomic Energy Agency”. Den viktigaste oppgåva til IAEA skulle vere “to devise metods whereby this fissionable material would be allocated to serve the peaceful pursuits of mankind”. IAEA skulle altså ta imot potensielt militært kjernefysisk materiale frå atommaktene, for så å dele det ut til sivilt bruk til dei land som trong det mest. IAEA vart så formelt oppretta 29. juli 1957, med føremål å hindre militær bruk og å stimulere den sivile bruken av kjernekraft.

Implisitt i statuttane til IAEA, men desto meir eksplisitt i Ikkje-spreiingsavtala (NPT) av 1970, som skulle kome til å bety så mykje for IAEA, kviler det ei plikt på dei fem opprinnelege atommaktene “to reduce nuclear weapons globally, with the ultimate goals of eliminating those weapons….” Dette viktige punktet har vorte gjentatt i ulike samanhengar. Trass i fleire rustingsavgrensande avtaler, kan det ikkje på noko vis seiast at dei tradisjonelle atommaktene er komne særleg nærmare dette målet. Sjølv om talet på utplasserte kjernevåpen har gått ned, er det framleis fleire titusenar av dei – omtrent like mange som då NPT tok til å gjelde – og stadig er det interesse for utvikling av nye våpentypar. Det er ein hovudgrunn til at det vidare ikkje-spreiingsarbeidet har gått slik i stå. Atommaktene må forplikte seg under NPT på alvor. Det er dobbeltmoral når ein held fram med å utvikle eigne atomvåpen samtidig som ein gjer alt for å hindre at andre får slike våpen. Som ElBaradei sjølv har formulert det, minner dette om “some who have … continued to dangle a cigarette from their mouth and tell everybody else not to smoke”.

Talet på atommakter i verda har auka. I tillegg til USA, Russland, Storbritannia, Frankrike og Kina har Israel, India og Pakistan kjernevåpen. Kanskje Nord-Korea også. Det betyr ikkje at det ikkje har skjedd positive ting. Sør-Afrika gav opp sitt program og vart det første landet som hadde utvikla kjernevåpen, men som snudde. Ære vere Sør-Afrika! Kviterussland, Ukraina og Kasakhstan gav opp dei kjernevåpna som Sovjetunionen lét etter seg på deira territorium. Libya har snudd. Argentina, Brasil, Taiwan, Sør-Korea og Tyrkia har gjeve opp ambisiøse program. Likevel går altså spreiinga sin gang. Slik kan det ikke halde fram.

IAEA har hatt sine suksessar og sine tilbakeslag i kampen for å hindre spreiing av kjernevåpen. Irak er eit døme på begge delar. Først klarte ikkje IAEA å avdekkje det omfattande programmet som Saddam Hussein utvikla på 1980-talet. Det måtte føre til nye rutinar. Til gjengjeld klarte IAEA, i samarbeid med United Nations Special Commission on Iraq (UNSCOM) og United Nations Monitoring, Verification and Inspection Commission (UNMOVIC), på 1990-talet å destruere dei masseøydeleggingsvåpna som fanst. I tida før Irak-invasjonen i 2003 var IAEA og UNMOVIC under sterkt press, men inspektørane greidde likevel å gjennomføre sitt arbeid i Irak på ein uavhengig, grundig og korrekt måte. Som verda kunne konstatere etter krigen i Irak, dei våpna som ikkje vart funne, dei viste seg ikkje å eksistere.

I Nord-Korea avslørte IAEA at nord-koreanarane hadde loge om sitt atomprogram. Etter dette har ikkje IAEA fått lov til å gjennomføre dei inspeksjonane i Nord-Korea som tvillaust må til. IAEA har opplevd både framgang og tilbakeslag også overfor Iran. I 18 år klarte Iran å halde sitt kjernefysiske program skjult. Men dei siste to åra har IAEA drive eit viktig og delvis framgangsrikt arbeid i landet. Ei løysing av den spente situasjonen her føreset at IAEA slepp til med nødvendige inspeksjonar, og at dei handlingar og vedtak organisasjonen gjer, vert respekterte.

I takt med dei mange utfordringane IAEA har vorte stilt overfor dei siste åra, har organisasjonen vore i stand til å skjerpe sine kontrollar, også gjennom spesielle inspeksjonar på kort varsel. Den har gjort ein god jobb i ein rekkje krevjande samanhengar. I ei tid då internasjonale organisasjonar har fått mykje kritikk, har IAEA ikkje berre forsvart, men på mange måtar styrkt sin posisjon. IAEAs tryggingskontroll inneber at organisasjonen kan utøve funksjonar som tidlegare var reservert for nasjonale styresmakter. Kontrollen har slått hol i den nasjonale suvereniteten og har i den forstand vore banebrytande. Full suverenitet på det kjernefysiske området betyr full uvisse for resten av verda.

I styrkinga av IAEA har genereldirektør ElBaradei stått sentralt. Han har sjølv fremja ei rekkje forslag for å styrkje organisasjonen. Han tek aktivt del i debattar om framtida for ikkje-spreiingsregimet. Sjølv om ElBaradei i høgste grad byggjer på det viktige arbeidet som forgjengarane hans, særlig Hans Blix, har gjort, har han vore i stand til å styrkje både generaldirektøren og IAEA sin posisjon ytterlegare. At han no er attvald for ein tredje periode, gjev både han og IAEA nye mogelegheiter i dei komande år. Prisen er såleis i aller høgste grad ei hyllest til Mohamed ElBaradei personleg, men den representerer også eit handslag til dei 2 300 tilsette frå 90 land som i dag arbeider i IAEA, og til dei mange som har arbeidt der tidlegare. Mange av dei er til stades her i dag. Vi helsar dykk og takkar for innsatsen.

For IAEA har det vore og er framleis svært viktig å bidra til at den fattige delen av verda får ta del i bruken av kjernekraft til sivile føremål. Ved å avstå frå militær bruk skulle desse landa få hjelp på den sivile sida. Slik sivil bruk har vist seg omstridt i mange land, og bruken av slik kraft har derfor ikkje auka dei seinere åra. Kjernekraft utgjer i dag ca. 16 prosent av verdas elektrisitetsproduksjon, men det aller meste av dette er i dei høgt utvikla landa. Veksten i dag er særleg i Russland, Kina, India og Brasil. Energimangel, høge petroleumsprisar, behovet for å redusere CO2-utsleppa og betra driftssikring er dei viktigaste forklaringane på veksten.

Sjølv om det finst ulike syn på den sivile bruken av kjernekraft, vil alle kunne vere samde om at den bruken som finst, må gå føre seg på sikrast mogeleg måte. Om det no skjer ein ytterlegare vekst på dette feltet, blir kontrollordningane desto viktigare. Dette utgjer ein svært sentral del av IAEA sine oppgåver. Dei fleste av oss tenkjer kanskje heller ikkje over at slik energi har fått ein sentral plass innanfor helsevesenet, særleg i behandlinga av kreft, i jordbruket, på miljøområdet og i industrien.

Prisen til IAEA og til ElBaradei står på trygg grunn i fredsprisens historie. Den er godt forankra i Alfred Nobel sitt testamente, der han nemner “avskaffelse eller reduksjon av stående armeer” som eitt av tre kriterium for å tildele prisen. Nobel ville sikkert vore samd i at i dag må kampen mot kjernevåpen vere enda viktigare enn den mot “stående armeer.”

Årets pris til IAEA og ElBaradei summerer opp dei to viktigaste linene i historia til Nobels fredspris. Igjen og igjen har Den Norske Nobelkomite understreka behovet for ei betre organisert verd. Derfor dei mange prisane til representantar for Den interparlamentariske union før første verdskrigen, til representantar for Folkesambandet i mellomkrigstida og til personar og organisasjonar knytt til FN etter andre verdenskrigen. I 2001, då Nobelprisane feira 100-årsjubileum, var det derfor naturleg å gi prisen til FN og generalsekretær Kofi Annan. I år er det 60 år sidan FN vart skipa. IAEA høyrer i aller høgste grad til FN-systemet og dermed til den klaraste av alle liner i historia til fredsprisen.

Ei nesten like klar line er arbeidet for nedrusting og rustingskontroll. Dei er mange dei prisvinnarane som har gått inn for nedrusting og fred meir allment. Sjølv på det kjernefysiske området har det etter kvart vorte mange prisvinnarar: Linus Pauling i 1962 for sitt arbeid for ei prøvestansavtale, Andrej Sakharov i 1975 for kjernefysisk nedrusting og for demokrati, Alva Myrdal og Garcia Robles i 1982 for ikkje-spreiing, Leger mot atomkrig i 1985 for sitt arbeid mot kjernevåpen på tvers av øst-vest-skiljet, Pugwash-konferansane og Joseph Rotblat i 1995 for det viktige arbeidet dei gjorde for kjernefysisk nedrusting, særleg på ekspertplanet.

Det har vore hevda at kvart tiande år gjev Den Norske Nobelkomite prisen til ein som arbeider for å avskaffe atomvåpen. Med pristildelingane i 1975, 1985 og 1995 i minne, er det vanskeleg for komiteen å nekte for ein slik påstand. Men slike tildelingar har altså skjedd hyppigare enn berre kvart tiår. Og det var ikke slik i 2005 at komiteen på førehand hadde blinka ut nett dette området. Det var heller slik at då komiteen, etter ein lang diskusjon om dei 199 kandidatane, konkluderte med IAEA og ElBaradei, kunne vi berre konstatere at atter ein gong ville det bli ein pris til ein som går inn for å redusere plassen til kjernevåpna i internasjonal politikk.

Atombombene over Hiroshima og Nagasaki vart sleppte for 60 år sidan, i 1945. Sidan har verda vore samla i eit ønske om at noko liknande aldri må skje igjen. Desse våpna er for forferdelege til at dei har noka meining i krig. Naturleg nok har minnet om atombombene over dei to byane vore aller sterkast i Japan, der det framleis i dag finst overlevande etter bombene. Dei overlevande har fått sitt eige namn, hibakusha, og sin eigen organisasjon, Nihon Hidankyo. Vi helsar dei i dag. Derfor er det i høgste grad passande, om enn litt tilfeldig, at det er den japanske ambassadøren til IAEA, Yukiya Amano, som for tida er leiar for Board of Governors i organisasjonen, og dermed tek imot den eine halvparten av prisen på vegner av IAEA.

Vi tenkjer på historia om den vesle jenta Sadako Sasaki som vart utsett for radioaktiv stråling frå Hiroshima-bomba då ho var spedbarn. Som tolvåring med dødeleg leukemi fekk ho høyre den japanske legenda som seier at dersom ein brettar tusen tranefuglar, skal ein kunne ønskje seg kva som helst. Og Sadako byrja å brette tusen traner, slik at ho kunne bli frisk. Ein populær versjon seier at ho døydde etter å ha bretta 644 fuglar. Klassekameratane bretta dei resterande 356. Sadako vart gravlagt med ein krans av 1 000 tranefuglar. Klassekameratane og venene hennar fekk bygd ein statue i granitt i Fredsparken i Hiroshima. Statuen viser Sadako som ei ung jente som står med armane slått ut, med ei trane i handa. Kvart år vert det lagt tusenvis av bretta tranefuglar på statuen.

Dei fleste av oss drøymer om ei framtid utan kjernevåpen. Då kan vi endeleg bli kvitt den trusselen mot sjølve eksistensen til menneskeslekta, som desse våpna representerer. Dei som ikkje drøymer om ei slik framtid, talar gjerne om at atomvåpen ikkje kan av-oppfinnast. Desse hevdar at når krig då bryt ut, vil det oppstå eit press for å utvikle atomvåpen på nytt. Svaret på dette gav Joseph Rotblat, prisvinnaren frå 1995, som det vart halde ein minneseremoni for i London i går: Vår langsiktige visjon må vere å gjere slutt på krigen. Vi må lyse krigen i bann på same måten som verda stort sett har klart å lyse slaveriet, den vanlegaste av sosiale institusjonar, i bann.

Det har som sagt gjennom åra vorte fleire fredsprisar til dei mange som arbeider mot kjernevåpen. Suksessane har likevel vore få og tilbakeslaga mange. Også i IAEA sitt tilfelle har ein opplevd vonbrot. Men vi kan ikkje gje opp. Den grunnleggjande utfordringa består nemleg. Som dei formulerte det i RussellEinstein-manifestet frå 1955: “Here then is the problem which we present to you, stark and dreadful, and inescapable: shall we put an end to the human race or shall we renounce war.” Det er spørsmålet: Skal vi gjere slutt på menneskeslekta eller skal vi gje avkall på krigen.

Den norske forfattaren Nordahl Grieg har formulert det slik i diktet Til ungdommen:

Krig er forakt for liv.
Fred er å skape.
Kast dine krefter inn:
døden skal tape!

Vi gratulerer deg, Mohamed ElBaradei, og vi gratulerer IAEA med årets fredspris. Vi takkar for det de har gjort og håpar på ytterlegare framgang for eit arbeid som vi alle er så avhengige av at skal lukkast.

To cite this section
MLA style: Tal. NobelPrize.org. Nobel Prize Outreach AB 2024. Thu. 12 Dec 2024. <https://www.nobelprize.org/prizes/peace/2005/9373-tal-2005/>

Back to top Back To Top Takes users back to the top of the page

Nobel Prizes and laureates

Six prizes were awarded for achievements that have conferred the greatest benefit to humankind. The 12 laureates' work and discoveries range from proteins' structures and machine learning to fighting for a world free of nuclear weapons.

See them all presented here.

Illustration

Explore prizes and laureates

Look for popular awards and laureates in different fields, and discover the history of the Nobel Prize.